Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Foreldra stilt i gapestokken. Skal det aldri ta slutt?

Som tante og grandtante til «Naustdalfamilien», som har vore så mykje omtala i media, vil eg endeleg uttale meg.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
17.11.2016 kl 15:44

Det kom som eit sjokk, og heilt uventa, ubegripeleg og uforståeleg at denne familien skulle bli råka av barnevernet. Eg har kjent familien i mange år og opplevd dei som svært flinke og gode foreldre, med omtanke både for sine eigne og alle andre. Barna var svært tillitsfulle, frie, glade, trygge og kreative. Vi har aldri høyrt eller sett noko som skulle tilseie inngrep av barnevernet.

Både mor og far har vokse opp i trygge gode og solide familiar og vi kjenner ikkje til vold. Når ein les avisa om familien der overskrifta er «Kan ha vore utsett for vald i 5 år», så høyrest det heilt forferdeleg ut for oss som kjenner familien. Kva inntrykk gjev ein lesarane med slike overskrifter? Ein kan då lett tenkje på dei som kriminelle barnemishandlarar, noko som er langt frå sanninga. Det finnast ikkje ord for kor feil dette er.

I lengre tid budde familien i huset hos systera og svogeren min, medan deira eige hus, i same tun, vart restaurert. Elles har mange, både dei som restaurerte huset deira og andre, budd saman med familien i heimen deira over tid, men ingen av desse har nokon gong høyrt eller sett noko som skulle tilseie valdeleg oppseding. Tvert imot har det blitt sagt at «dette er verdens snillaste familie».

Desse foreldra er bånn ærlege og nøye med alt. Det som ein kallar ein liten klaps, vert slått opp som vold. Det kan sjå ut som om nokon «vil dei til livs» eller prøver å øydeleggje familien. Eg er svært glad for at dei har si forankring i Jesus Kristus og byggjer sitt liv på «fjell». Det må vere mykje verre for barna å bli «kidnappa» frå foreldra og skilje sysken og plassere dei hos framande. Kva traumar har det skapa for borna?

No i etterkant, når alle er foreina igjen, er borna blitt redde for å bli «kidnappa» igjen, som ein av dei sa. Dei vart redde for igjen å misse foreldre, sysken, familie og venner. For å skåne borna valde foreldra å flytte, noko som har gjort dei tryggare, men traumane barnevernet påførde familien vil nok alltid følgje dei. Dette er svært vondt.

Her skal framande uttale seg, som ikkje har levd i kvardagen saman med dei og fylgt dei oppover frå dag éin. Er det ikkje på tide å innrømme feil, audmjuke seg og la familien være i fred? Vi er mange som har lidt og framleis lir på grunn av dette.

Eg har alltid tenkt at denne familien har skapt ein god heim, utan rus, røyk og banning. Her har vore passe fasthet, masse kjærleik, glede og fred. Eg skulle ynskje at dei kunne ha fått vore i fred på denne fantastiske fine plassen dei hadde etablert seg på, med trygge menneskje rundt seg, utan å frykte for «ulvane» som fer omkring. Dei er trygge og glade hos alle sine kjære og nære, men ikkje for «inngriparane».

Nøkkelord

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!