Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Kva med framtida for Noreg?

Dette spørsmålet er det mange som stiller seg. Vi ser på nyheitene at russerane vert stadig meir aggressive politisk og militært. I nord vert norske fiskebåtar pressa tilbake av russiske krigsskip, og ubåtar vert stadig sett i norske farvatn. Kva er det dei pønskar på?

Tekst:

Publisert:

For mange år sidan vart eg mint på at Putin er farleg, og eg har fulgt med i media og lest bøker om han. Ein reknar med han som ein uberegneleg person. Han skyr ingen midlar for å få viljen sin igjennom. Vi ser det på måten han har tatt livet av motstandarane sine, og er uerkært eineherskar i Russland no. Nokre har kalla han for den nye Hitler.

Vi såg kor Putin dreiv krig i Tetsjenia, og korleis han no går fram i Syria. Der er ingen nåde og sjukehus, skular og heimar vert systematisk bomba. Folk er i angst og ropar til Gud om miskunn no når russarane har plassert det store hangarskipet og mykje av flåten sin i middelhavet. Skal Syria bombast fullstendig i saman? Er det ingen som skal gripe inn? Kva med USA og Nato? Før var USA verda sitt politi, men det er dei ikkje lenger. Skal det bli verdskrig igjen?

Ein liten fiskebåt såg nyleg ein russisk ubåt i Vestfjorden, nord for Bodø. Det minte meg om at for nokre år sidan snakka eg med ein mann i Bodø som hadde hatt eit syn der russiske krigsskip la til i Bodø og inntok byen. Han gjekk til militæret og fortalde om dette, men dei berre lo av han. Denne mannen er ikkje aleine, for det er mange som har sett at russarane har kome og invadert Noreg. Det er på tide at vi tar desse advarslane på alvor!

Kva skal vi gjere? Betre seint enn aldri. Vi bør slutte å bygge ned forsvaret, men bygge det oppatt så raskt som mulig. Har vi gløymt 9. april 1940? Då hadde Noreg rusta ned for vi trudde at det ikkje ville verte meir krig. No ser vi at den kalde krigen er tilbake. Vi må vende tilbake til Gud. Noreg er no nesten avkristna. Guds ord er tatt ut av skule og samfunn og gudsfrykta er nesten borte. No er er det alvor og det er på tide å vende om frå synda!

Det er viktig for den enkelte å lese i Bibelen som er Guds sanne ord. Herren har ikkje behag i samkjønna ekteskap eller at folk berre flyttar saman. Ekteskapet er heilagt og Gud er heilag. Han har gitt oss dei ti boda som rettesnor for våre liv. I Den heilage skrifta står det klart at Gud har valt ut Israel som sitt eigendomsfolk. Difor er det viktig at vi støttar dette landet. Oslo-avtalen var med på å dele landet, så vi må be om tilgjeving for dette. Noreg har gått foran som givarland til palestinarane som har terrorisert Israel, og det er skyld på oss.

Noregs forsvar er heilt ubetydeleg i forhold til det russiske. Ein lynkrig kan føre til at vi vert heilt elller delvis okkupert. Vårt einaste håp er hverken Nato eller USA, men Israels Gud. Etter 22. juli-massakeren vart det i minnegudstenesta i Oslo domkyrkje lese frå Salme 121. «Han søv ikkje og slumrar ikkje han som vaktar Israel.» Vi kan i profeten Esekiel kapittel 38 lese at Gog (Russland) og allierte som Iran, Syria, Libya og Etiopia skal falle på Israels fjell. Gud har etter sine løfter samla sitt folk i løfteslandet, og han strir for dei. Då er det ingen som kan stå imot! La oss vende tilbake til han gjennom hans son, Jesus Kristus. Då er vi trygge for tid og evighet!

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!