Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Kva skal eg vera redd for?

Sume er visst redde etter at Trump vart vald til president. Det er i alle fall det som norske media fortel oss. Helst bør ein snakka med borni sine um Trump og roa dei ned (kven hev skræmt dei upp, tru?).

Tekst:

Publisert:

Sjølv undrast eg fyrst og fremst på kva det er ein skal vera redd for...

Skal eg vera redd for at Trump vil leggja ned NATO? Skal eg vera redd for at forsvarsbudsjettet i so fall må brukast på å verna Noregs grensor i staden for å kriga for Uncle Sam i Afghanistan?

Skal eg vera redd for at Trump gjer slutt på USA sin politikk med «regime change» og demokratieksport til ulydige statar og land i Midtausten? Skal eg vera redd for at det vert slutt på straumen av pengar og våpen frå USA-allierte til «moderate» terroristar og jihadistar i Syria?

Skal eg vera redd for at Trump vil draga USA ut dei løynde TTIP-tingingane som gjev multinasjonale selskap løyve til å saksøkja statar som vil tryggja faglege rettar eller som set miljø framfor profitt? Skal eg vera redd for at mitt eige land, Noreg, likevel ikkje vert drege inn i dette systemet?

Skal eg vera redd for at Trump vil få ein slutt på at industriproduksjon vert flutt ut frå vestlege land og yver i lågkostland som Taiwan og Kina? Skal eg vera redd for ein økonomisk politikk som gjer slutt på at Kina kjøper upp tradisjonsrike teknologiverksemder berre for å taka yver patent og kompetanse og leggja verksemdene ned?

Skal eg vera redd for at Trump vil stogga ulovleg innvandring inn i USA? Skal eg vera redd for Trump sin nådelause dom yver Angela Merkel som ynskte 1,5 millionar «refugees welcome» inn i Tyskland? Skal eg vera redd for at det vert færre nyttårsnetter som i Köln?

Skal eg vera redd for signaleffekten som Trump-valet gav? Skal eg vera redd for at Norbert Hofer vert vald til bundespresident i Austerrike i desember - og at Marine Le Pen vert president neste gongen det er val i Frankrike? Skal eg vera redd for at det ikkje berre er Viktor Orban som talar med ei sjølvstendig røyst i Europa?

Nei, det einaste eg er redd for er at Trump skulde vera som alle andre politikarar - ein som lovar gull og grøne skogar, men som ikkje leverar når han er komen til makti.

Men um berre ti prosent av det han hev lova vert røyndom, so skal eg vera nøgd.

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!