Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Når fundamentet vert borte

Meisteren snakka ein gong om dei som bygde huset sitt på fjell og ikkje på sandgrunn. Det var dei som høyrde orda hans og gjorde etter dei.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
17.11.2016 kl 15:56

Allereie under tinget på Moster i 1025 bestemte fedrane våre at våre lover skulle bygge på desse orda, og i om lag tusen år har dette vore fundamentet for vår nasjon. «Du sende ditt ord til Noregs fjell og ljos over landet strøymde», syng vi i fedrelandssalmen vår.

I dag er det sterke krefter som vil ta bort dette fundamentet. Dei tenkjer at det er det same om vi byter bort kristentrua med ateisme og gudløyse eller med islam. Vi i Partiet Dei Kristne (PDK) er sterkt imot dette, og vi trur at fleirtalet i Noreg tenkjer som oss. Vi meiner at det i hovudsak er ein politisk og kulturell elite som står bak og styrer den avkristninga som landet vårt har sett dei siste åra.

Vi meiner at kristentrua skal vere ein naturleg del av det borna lærer i barnehage og skule. Dei gode verdiane vi finn her vert ein viktig ballast i livet, og det er ingen som har vondt av å få dette med seg.

Det at vi har fått nokre nye landsmenn mellom oss, treng ikkje føre til at vi gøymer og gløymer vår eiga kristne tru. Vi skal møte alle med kjærleik og respekt, men vi tenkjer at det er dei som skal tilpasse seg oss og ikkje motsett.

Vi vil også ha kristendomsfaget tilbake i skulen og flytte undervisninga om religionar tilbake til samfunnsfaget. Det at kristentrua no vert blanda saman med framande religionar i ei smørje, er ikkje godt for borna. Mange born vert forvirra av dette, og dei har vanskar med å skilje mellom Muhammed, Buddha og Jesus.

Vi i PDK tenkjer at det no er på høg tid at vi vaknar før utviklinga går så langt at det er vanskeleg å reversere henne.

Vi meiner at det fyrst og fremst er den gode gamle kristentrua som har skapt dette gode og trygge samfunnet som vi alle er ein del av, og som har gjort Noreg til eit land som folk flyktar til, og ikkje frå. Om du ynskjer å gjere noko meir enn å vere ein passiv tilskodar til utviklinga, bør du gi di stemme til Partiet Dei Kristne ved Stortingsvalet i 2017.

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!