Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

NRK, Visjon Norge, Israel m.m

Etter å ha fulgt mykje med på kanalen Visjon Norge gjennom fleire år og i tillegg har nære slæktningar og venner som ved fleire anledningar har kome Jan Hanvold nær innpå livet, kan eg ikkje seie at programmet Brennpunkt har gjeve eit rett og heilt bilete verken av Hanvold eller kanalen.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
17.11.2016 kl 15:26

Med kjennskap til kva NRK står for når det gjeld samfunnsverdiar og spesielt deira langt ifrå nøytrale haldning til Israel, er det ikkje uventa at dei lagar dette programmet med ei forutinntatt haldning og dermed, etter kva eg trur, på førehand har bestemt seg for det bilete dei vil skape av Hanvold og Visjon Norge.

NRK framstiller ein person som er ute etter makt og pengar og utnytter minstepensjonistar o.l. Ver sikker på at er det nokon som er bevisst på kva dei brukar pengane til så er det minstepensjonistane! Og dei gjer det ikkje utan først å ha satt seg inn i kva pengane går til. Dei gjev ikkje av tvang, men brukar pengane som eit middel til å bety ein forskjel i noko dei brenn for!

Sanninga er at Jan Hanvold og kanalen hans, som er utan statstøtte, jobbar beinhardt for å halde kanalen oppe for dermed å kunne forkynne dei gode nyheitene til folket, hjelpe fattige og svake i samfunnet (ved b.l.a å byggje skular, gamleheimar og andre instutisjonar i spesielt Moldova/Øst-Europa og i tilegg få avgarde store hjelpesendingar med klede til fattige), be for sjuke og gje tydeleg og påliteleg informasjon om spesielt Israel (noko som er mangelvare i Norge idag).

Kanalen har sjølvsagt stor fridom til å uttale seg og ytre seg på ein politisk ukorrekt måte, noko den og gjer. Det trengs verkeleg i eit land som hevdar seg vere demokratisk, men byrjar å likne meir og meir på land vi helst ikkje vil samanlikne oss med! Kanalen er b.l.a tydeleg på at abort er mord og at homofili er synd, noko ein knapt kan nemne utan å bli hetsa og kalla både det eine og det andre. Eg trur at storparten av norsk befolkning enten er manipulert i desse spørsmåla, eller truga til å teie i desse spørsmåla når dei på innsida eigentleg veit kva som er rett! Staten vil ha kontroll og ha alle inn i eit antikristeleg system og tenkjesett.

Visst ein meiner Jan Hanvold gøymer seg bak norsk lov, må ein i alle fall spørje seg kor mykje umoral andre folk kan leve i med solid støtte i norsk lov, som å myrde små barn i mors liv og stele patentet (som faktisk Gud har) på ekteskapet og føre det over til at også to av same kjønn kan gifte seg. Vi treng verkeleg ein TV-kanal som har sitt fundament i Bibelen, Guds Ord og ikkje i ei usikker og vaklande verd som stadig forfelle moralsk,og skapar ei utrygg framtid for borna som veks opp!

Eg synest det passar dårleg at NRK her prøver seg som moralsk vaktar. Den rolla har dei ikkje tillit i, og med tanke på all berettiga kritikk dei har fått for si palestina-partiske haldning, er det lett å skjøne kvifor dei så gjerne vil setje ein kanal som støttar Israel i eit dårleg lys. NRK skal ha bedt om unnskuldning ovanfor Visjon Norge for deler av programmet/feile opplysningar, men bør offentleg og på eigen kanal beklage seg!

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!