Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Søknadstørke

Sunnmørsposten har valgt den tause lina medan avisa Sunnmøringen gjer kjent også det at Møre bispedøme har sett ny søknadsfrist sidan heller ingen etter siste utlysing har søkt seg til stillinga som sokneprest i Stranda og Liabygda sokn.

Tekst:

Publisert:

Prosten stiller seg undrande til søknadstørken, men biskopen sin reaksjon står det ingen ting om. Søknadstørke tykkjest naturleg sidan Møre biskop i seinare tid har stått føre å vise to likandes prestar døra som det heiter. Det bør biskopen ta inn over seg. I lokal ordbruk så uttrykkjest gjerne slik tilbakeslåande åtferd med å drite på draget.

Utifrå situasjonar som har førelege så har eg i lesarbrev uttrykt meg mellom anna med ordlegginga velsigna søknadstørke. Eit bispesete som i folk si oppfatning oppfører seg kaldt og kynisk kan ikkje vente seg noko anna enn denne søknadstørken.

Ein vikarprest og hjelparar sitt fleirfald av tarvelege ablegøyer i kyrkjeskipet står i sterk motstrid til stadleg tradisjon. Desse burde kjenne til og forstå uttrykksforma «Alvor for seg og fanteri for seg». Det må då kunne gå an å skjøne at det passar seg ikkje med føreteken samanroting av laust og fast. «Ukristeleg framferd» er også kjend nemning. For nokon kvar kjennest kulden langt ned med ryggen. Von dess.

Nøkkelord

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!