Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Magne Raundalen sine gode råd om å snakke med barn – og vaksne

Dei nye 68-arane er her igjen etter valet på Trump i USA. Eit innlegg av Magne Raundalen syner kor hardt born kan oppleve ein valkamp med sterke effekter. Raundalen gir gode råd til foreldre. Men kva med vaksne gråtestudentar som går amok. Kva råd har vi her?

Tekst:

Publisert:

– Vi må rekne med at media si demonisering av Trump berre blir verre. Og studentar som trur på slikt, får større og større trong for gråterom med varm kakao, aromaterapi, trøyst frå kjæledyr og andre psykoterapeutiske tiltak, sa ein afroamerikansk medieekspert (Elder) til Fox News. Slike tiltak tilbyr dei venstreradikale universiteta no unge som ikke tåler demokratiet.

Etter valet av Trump opplevde ein demonstrasjoner, dag etter dag, i mange av storbyane i USA. Collegestudentane demonstrerte rett og slett mot valet og demokratiet.

– Korleis føler du det no? var spørsmålet til studentane som slutta å studere for å pleie sorga si. Dei svarer at dei hadde så djup frykt. Nokon sa på ramme alvor at dei fekk panikkangst.

Då Hillary Clinton og Barack Obama tapte, bad dei tilhengjarane sine om å akseptere demokratiske val. Men studentane på venstresida gjekk ut i gata og protesterte etter reglane til Saul Alinsky, den store læremeisteren for student-revolusjonen i 1968. Demonstrasjonane må ikkje ta slutt, seier han i boka om «Reglar for revolusjonære». Den andre sida må omtalast som vondskapen sjølv. Og det har dei klart når det gjeld Trump.

Biletprova har vi fått på TV kveld etter kveld. Og det vil bli verre, seier også Fox-kommentatoren Sean Hannity. «Vi kan like godt innstille oss på å nyte kvart minutt av den uttalte og påtatte frykt på den barnslege venstresida», seier han ironisk.

Men Amerika går så det susar etter valet – sjølv om eliten hadde sagt at børsen ville gå til botn. I staden gjekk den opp til «all time high», dag etter dag. Bill Ford lova å ikkje flytte bilfabrikken sin frå Kentucky til Mexico – etter at Trump snakka med han. Trump vil skape 25 millionar nye arbeidsplassar og bringe nokon av dei 70 000 fabrikkane, som er flytta ut av Amerika, attende. Han er i gong før han har byrja i embetet sitt. Arbeidarane i vippestatane Ohio, Pennsylvania, og Michigan, alle i utgongspunktet demokratiske statar, som gav Trump sigeren ved dette valet, har fått nytt håp om arbeidsplassar igjen i småbyane som avindustrialiseringa har lagt aude. Og Chuck Schumer, leiar for det demokratiske partiet i Senatet, er no klart til å støtte heile dette programmet

Optimismen spreier seg i det amerikanske samfunnet igjen. Berre ikkje i media og hos «gråtebabyene» (skrikarungane) ved universteta – som bør ta i bruk alle Raundalen sine råd for born med frykt.

Og det vil bli verre. Ein kan sjå fram til utgåvene av norske aviser, sentrale og lokale. Dei kjem til å servere stoff nok til å gå i «gråterommet» og til å snakke med born om frykt – skapt av media.

Ved eit universitet har dei tilsett ein hund som kan gå rundt mellom studentane og trøyste dei. Studentane tyggjer også «weed» eller cannabis (narkotiske stoff). I gater fylt av demonstrantar luktar det weed lang veg, ifylgje ein av reportarane. Kanskje vi bør få ei bok om krisepsykiatri etter demokratiske val?

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!