Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Presidenten som er omringa av forbedarar - Valperspektiv på Amerika, Europa og Norge

At republikanarane og dei kristne skulle vinne den 30-årige kulturkrigen om høgstrett og abort ved dette valet, kom som eit sjokk. I Amerika og Norge.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
16.11.2016 kl 16:37

I mange land i Europa gjer no opprørane mot det etablerte, som islamiserer kulturen og ikkje skaffar arbeidarane jobb, seg klar til nye dyster.

For fedrelandet.

For kristne verdiar.

Og for demokratiet Israel.

Heile EU-parlamentet kan vere annleis om eit år eller to – og gruppa som stør Israel, tredobla. Norge IDAG har no bygt ut kontaktnettet sitt i EU-parlamentet for å følge utviklinga på kloss hald.

Det blir mange spanande valdyster framover. Til skrekk og gru for venstresida. Taktikken til dei politisk korrekte er i tur og orden å demonisere alternativa. Slik som dei gjorde med Trump, republikanarane og dei kristne i USA under dette valet.

Det er interessant at slike som Frauke Petri, valvinnar og leiar av «Alternativ for Tyskland», og Geert Wilders og Fridomspartiet hans, som er størst på gallup i Nederland, søkte kontakt med Manfred Gerstenfeld då dei vitja Jerusalem. Gerstenfeld gjev ut eit hovudverk mot antisemittismen gjennom vår avis.

Det var ikkje før på valdagen at det blei klart at Amerika fekk eit geografisk «landslide» (valskred) og blei raudt. Det er fargen til republikanarane i USA. Ironisk nok er sosialistane blå i Amerika. Må det ikkje bli slik i Norge og, gjennom overregulering og overbyråkratisering, som ikkje er mykje redusert under den borgarglege regjeringa så langt. Det hastar.

Trump har lova å fjerne tonnevis av «red tape», eller reguleringane, dei første 100 dagane. Kvifor? Jau, for å få opp økonomisk vekst, frå bleike to til fire prosent. Klarer han ikkje det, har han ikkje pengar.

For Amerikas statsgjeld, i tida til Obama, auka like mykje som under alle presidentane før han til saman, seier Sean Hannity dagleg på Fox News.

Berre ved fire prosent økonomisk vekst kan Amerika få råd til infrastrukturprogram, nytt helseopplegg der Obamacare blir avlyst og opprusting av forsvaret.

Situasjonenen er den same i Norge. Vi har ikkje pengar til vegar, ifølge media og politikarar. Oljefondet skal ein ikkje låne frå, sjølv om bilistane betaler kvar krone tilbake med beste rente av alle. Oljefondet står berre og ventar på å bli halvert i neste børskrise – eit lovprist monument over norsk dårskap. Men vi får vente og sjå – kor mykje vi har att av elefanten som er lagra i børs og obligajonar som kan gå under i den neste finanskrise – som blir verre enn alt på grunn av at gjelda til alle land er større enn den var i 2007.

Vi får takke Gud for kvar roleg arbeidsdag midt oppe i all dårskap. Men eit prosentpoeng ekstra økonomisk vekst er verdt fleire oljefond. Det er verdt å minne om det – før land etter land kjem i krise igjen.

Og det er underleg at norske politikarar ikkje ser det same som Trump. For å løyse oppgåvene er ein avhengig av høgare økonomisk vekst. Då må skjemaveldet bort. Det er vilkåret sine qua non, som romarane sa, – det ein ikkje kjem i frå.

Men berre Amerika vil sjå i augo kva som har skapt den låge økonomiske veksten i heile Europa og dermed arbeidsløyse. Det vil føre til ein politisk revolusjon i Europa – som vi såg det då arbeidarklassen forkasta det demokratiske parti under dette valet i Amerika

I USA mobiliserte dei kristne dagane før valet – med full styrke. Slik vann republikanarane. Ikkje minst har dei omringa Trump med forbøn.

Paula White, med kyrkjelyd på 10 000 i Orlando, bad ifølge Time Magazine, for Donald Trump framfor debattar og når noko blei vanskeleg og vondt. Trump ser ut til å ha fått eigen forbedar i organisasjonen sin, akkurat som Jan Hanvold i Visjon Norge.

På trappa framfor Høgstrett bad Franklin Graham siste dagen før valet for at det republikanske anti-abortpartiet vann. Han er Amerikas fremste evangelist, med budsjett på 100 millioner dollar i Billy Graham Association og 400 millionar dollar i Samaritan Purse, naudhjelpsorganisasjonen han har bygt opp.

Heile påverknaden til pappa Billy og son Franklin Graham, med dotter som støtta Trump direkte, blei mobilisert for å få folk til valurnene. Det førte til at 4 av 5 evangelikale kristne gjekk og røysta. På sak, ikkje på Trump.

Bønerørsla avgjorde dette valet: Konkret bøn på trappa opp til høgsterett, for nye dommarar som ikkje påtvinger Amerika abortlov, heilt ukonstitusjonelt.

Fleire hundre tusen kyrkjelyder bad til Gud landet over. Mot abort, for ekteskap og Israel.

Dei vann valet, saman med dei svarte og latinoane, av arbeidarklassa, og kvite kvinner, som også røysta republikansk i større grad. Når Hillary samstundes fekk seks millionar færre svarte veljarar enn Obama, var sigeren til det kristne bønefolket klar.

Det som valet handla om, var det det ikkje handla om i media ikkje minst i Norge var det tilfelle. Ei kristen avis kunne ikkje stø republikanarane sin kandidat fordi han ikkje var stø og seriøs nok. Istaden måtte dei gje støtte til Hllary Clinton, kristensosialisten som køyrte agendaen for fri abort i niande månad, likekjønna ekteskap, transseksuelle, homofile og lesbiske inn i valkampen då innspurten kom.

Kristensosialisten Hillary hadde bibel med seg i veska som «Det Beste» skreiv før valet. Ho las på alle flyplassar.

Men ho gjekk ideologisk mot Jesus, Paulus og heile det judeokristne syn på skaparordning og openberring som alle kristne kyrkjer byggjer på – til fordel for sekulær ideologi, basert på filosofien til Frankfurterskulen.

Ho stod ikkje åleine i det kristne Amerika med denne oppløysinga av det kristne ethos, (etikk og kultur). 7 av 10 unge har no falle til fote for ein slik agenda i dei amerikanske kyrkjene. Det har skjedd i Obama si tid. Frå 2007 til 2014.

Det seier den mest berømte boka som nyleg har kome om amerikansk religionssosiologi: «The End of White Christian America», av Robert P. Jones, ved Public Religion Research Institute. Han seier at vi har tapt det kvite kristne Amerika, kjenneteikna ved kamp for livsrett og menneskeverd, og det bibelske synet på ekteskapet. Frankfurterskulen sitt plastiske syn på kjønn, ekteskap, rett og galt, har sigra over Bibelen mellom kristen ungdom i USA. Dei einaste grupper som står fast på skansen, er dei evangelikale, mormonarane og muslimane, seier han – for at vi skal stå nedslått tilbake. I alle dei andre guppene i Amerika har det kristne synet blitt i minoritet under Obama. Ein kulturtransformasjon, seier forskarane.

Difor var dette valet så viktig.

Likevel er forskarane feil i tesen om at vi har sett slutten på de kristne Amerika. For ikkje før var boka ute, så blei 30 års kulturkrig, mot alle odds, krona med siger ved valet. 3-4 nye høgstrettdomarar skal innsetjast av den nye presidenten. Slik blir Amerika sin lagnad i Ja til livet-saka avgjort. Abortlova kan falle.

Det var derfor dei kristne gjekk for Trump og ikkje for kristensosialisten Hillary. Dertil kom at ho har brote alle lovnader før om å kjempe for menneskeverdet og mot abort – som kyrkja kalla «det store mord», frå første stund, som kyrkjehistorikaren Carl Fr. Wisløff slo fast.

Dette synet tok det katolske biskopane opp att like før valet. Dei sa at kristne ikkje med godt samvit kunne røysta på parti som ikkje respekterer saka under alle saker, menneskets absolutte verdi. Det kan vere synd. Og dei som synder med viten og vilje, blir ikkje salige, seier nokre av de mest framtredande katolske biskopar.

Kan Amerika leve med Trump? Dei kristne som satsa på han, måtte ta stilling til det. Han opptrådte mellom anna for tøft og emosjonelt i nominansjonsvala overfor andre kristne kandidatar. Kunne han disiplinere seg? Og svaret dei kristne kom til, var som vekkingsleiaren Bill Johnson sa at evangeliet handlar om tilgjeving. Og at Amerika er lagt trygt inn i eit system av sjekkar og balansar (checks and balances).

Å styre Amerika ville begge kandidatane klare godt, både bøllen og løgnaren, dei to hovudrollene Hillary og Trump tildelte kvarandre i valkampen.

Og no når transision-temaet arbeider for å bygge opp den nye administrasjonen, ser vi at sikringane slår inn.

Den støaste av dei støe, mannen som bygde opp det nye sigrande valmaskineriet (groundgame – kampen på bakken) Reince Priebus, blei stabssjef i Det kvite hus. Priebus er venn av Paul Ryan som leiar det republikanske partiet i Kongressen.

Snart er 4000 posisjonar fyllte av trente republikanarar frå alle konservative tenketanker og organisasjonar, dei støaste som fins i Amerika.

Oppgåvefordelinga er klar. Det blir politisk revolusjon. Verda vil få nye sjokk under Trump. Og det blir stabilitet og sikring på sikring av den amerikanske regjeringsmakta, som før.

Trump skal stå for revolusjonen, for infrastrukturprogrammet, omlegginga av helsesystemet, arbeid til arbeidarklassen ved å ta heim att kapitalen i utlandet på 2,5 trillionar dollar, lage nye avtalar for rettferdig handel, utan valuta- og tollmanipulering hjå store handelspartnarar som Kina og Mexico.

Utan at han leverer her, er den populistiske støtten til Trump borte – og valet garantert tapt om fire år.

Dei 4000 andre skal styre Amerika, frå dag til dag. Ingen kjem til atomknappen eller nokon annan knapp, utan at mange fylgjer med.

Trump har verkeleg sjansen til å å oppfylle sitt valspråk: «Make America great again». Men det han har sett seg føre, er å løfte landet og økonomien, som knapt nokon før har klart. Det er godt han har ein ring av forbedarar rundt seg – for ambisjonsnivået er enormt – på økonomi og gode nye jobbar til Amerikas arbeidarklasse.

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!