Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Slik tapte Hollywoodstjernene valet – for full musikk

Fox News har om att og om att synt bilete av Hollywoodstjerner oppløyst i gråt etter det amerikanske presidentvalet 8. november. Vi ser Miles Cyrus i sorg og gørr, som mange av dei andre.

Tekst:

Publisert:

Bruce Springsteen, Beyoncé, Jay Z, Katie Perry, Bon Jovi gjorde det dei kunne før valet – for å samle folkemassane i industristatane om sin presidentkandidat, Hillary Clinton. Store konsertar skulle sikre dei unge sine stemmer og gje valsiger.

Dei tapte, sjølv om Hillary lova alt på øvste hylle; høgare løn, gratis studier, betre og nye jobbar. Men ho nådde ikkje fram til arbeidarklassen i Amerika, som røysta Trump i vippestatane Ohio, Pennsylvania og Wisconsin.

Arbeidarklassen som vil ha jobb, sameina seg med konservatiive kristne som vil la jødane få byggje i sitt gamle land i Judea og Samaria, og gje barnet i mors liv rettsvern. Og sigeren var på plass.

No er tida inne for at tilhengjarar av det demokratiske partiet ved universiteta, slutter med å vere «gråte-studentar». Dei må slutte med demonstrasjonar dag etter dag, valdelege handlingar i gatene og ønske om å avskaffe det val demokratiet har gjort. Det same gjeld Hollywood. Hollywoods største stjerner har gjort seg til latter etter valet – ved å ta på seg rolla som gråtekor, dei og.

Hollywood gjorde kva dei kunne får å gje Hillary sigeren. Dei største stjernane i musikkbransjen samla folket for Hillary med musikk. Hillary skamrosa Jay Z og Beyoncé og fortalde kor viktige forbilete dei var for Amerikas unge.

Men så sang Jay Z i valinnspurten for å samle røyster for Hillary. Og då kunne Trump innkassere eit absolutt poeng – etter alle dei obskøne ord som musikaren leverte. Ord som ingen medier kan sitere ope.

– Jay Z er jo mykje verre enn meg, var kommentaren frå Trump etterpå.

– Kva er det Hillary meiner med dette, sa Trump. Han hadde fortent kritikken for uhøvisk språkbruk, men Jay Z trumfa alt.

Musikken til stjernene blei eit stort politisk mageplask for Hillary-kampanjen i innspurten.

Trump samla titusenar, utan Hollywoodstjerner, med ein politisk bodskap til arbeidarklassen om 25 millionar nye jobbar. Dette skulle skje ved å senke bedriftsskatten frå 35 til 15 prosent og auke den økonomiske veksten frå to til fire prosent. Det var ein politisk bodskap.

Hillary samla nesten like mange som Trump ved hjelp av Hollywoodstjernene. Ho satsa på konsert, ikkje politikk som Trump. Slik kan ein tape val.

For musikk gir ikkje arbeidarane mat på bordet og jobb i framtida. Desse «blå arbeidarane», er katolske og røyster tradisjonelt på Demokratane – og gav republikanaren Trump, eit valskred.

Amerika er no, geografisk sett, farga rødt, med republikanarane sin farge. «Ein ny verdsorden», skreiv Wall Street Journal som overskrift på side ein, over det store raude kartet, dagen etter valet.

Det er det som gjer at universitet og media ikkje kjem seg på beina att, og ikkje kan stogge gråt og klage. Republikanarane har ikkje vore så sterke i USA - sidan 1920-åra, med 2/3 av guvernørane og delstatsforsamlingane i ryggen. Men alt kan snu om ikkje Trump held vallovnadene.

Nøkkelord

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!