Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Svepeslaga i media mot konservative kristne

- og den nye fordømings-journalistikken

Svepeslaga i media mot konservative kristne

Norge IDAGs sjefredaktør Finn Jarle Sæle ble intervjuet i NRK-programmet Brennpunkt 25. oktober 2016. FOTO: Skjermdump fra NRK.

Dei som kvar veke går til kristne forsamlingar er syndarar som alle andre. Det er derfor dei går. Men religionssosiologen har vist at dei også er Norges største velsigning. Det er dokumentert i boka til Rodney Stark som tar for seg all offentleg statistikk og syner at dei kristne er den største velsigninga Amerika har - kulturelt sett og i kroner og øre. I Amerika utgjer dei ein økonomisk dokumenterbar verdi på over ein trillion på statsbusjettet. Obama kan ikkje klare seg utan dette i ein gjeldstynga nasjon.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
27.10.2016 kl 16:08

Tala frå amerikanske undersøkingar og dei samfunnsmessige analysene, lar seg lett overføre til Norge. Dei kristne er også her landets store velsigning. Og denne avisa du no les, Norge IDAG, har glede av å bevise det, med alle dei tal og fakta som dokumenterer det.

Vi trur at bedehuset på Laksevåg, som fekk gjennomgå for ei 70 år gammel episode i boka til tidlegare Vårt Land redakttør Helge Simonnes - og tenesta til Jan Aage Torp og alle dei andre - endar opp med store plussbidrag av velsigning, sjølv om dei får svøpeslag etter svøpeslag i bøker og media. Også kristne media som ikkje skulle erstatte sjelesorg med piskeslag - offentleg.

Media i privat sjelesorg

Piskeslag frå journalistikk har blitt den nye privatsjelesorga i media. Den er mykje verre enn den gamle gapestokken på kyrkjebakken. Det skal god helse til å tåle slikt.

Konservative kristne, av det mest forskjellige slag, får i dag svepeslag etter svepeslag i media. Liberale kristne derimot, har ingenting å frykte. Dei har tidsånda på si side.

Også i kristne aviser har det vakse fram ein ny dominant journalistikk som går ut på å kritisere konservative kristne.

Det er ikkje berre NRK Urix som demoniserer Israel og NRK Brennpunkt som demoniserer konservative kristne. Sjangeren er også plukka opp av kristne aviser - dei siste åra. Fordømingsjournalistikken brer om seg som ugras i kveiteåkeren.

Vi kan godt resymere litt. Lat oss starte med preludiet. Den største sosialpioner kristen-Norge har fostra, Ludvig Karlsen.

Ludvig hadde for fin bil

Ludvig Karlsen fekk røyne mediesverting av verste slag, også frå ei kristen avis. Han hadde for fin bil. Ein volvo.Han hadde for stort hus.

Meiningslaus mediesverting for bagatellar var det. Og det heldt fram mot Regnbuen sitt internasjonale kristne college. Dei hadde strålande resultat i å utdanne unge som forkynnarar og potensielle leiarar i nye demokrati i U-landa - og til 100 nye kristne etniske kyrkjer i Oslo. Kristne media tok knekken på alt saman. Vi trudde kristne aviser skulle stø kristne prosjekt, ikkje avlive dei på vegner av departementet.

Partiet Dei Kristne blei også møtt med jammer og klage i kristne aviser. Dei skreiv ikkje som rimeleg var at det var eit friskt pust og nytt blod til kampen for sakene folk er opptatt av og som demokratiet heile tida treng.

I det siste har til og med Jesus Revolution, det mest fantastiske av alt, blitt hengt ut i dei største media. Og ei kyrkje i Asker er blitt skulda for hardhendt og uklok leiarskap, enda konfliktnivået er garantert lågare der enn i alle fagorganisasjonar og andre verksemder - om vi fekk høve til å saumfare alt og alle og samanlikne.

Det er konservative kristne det er relevant å henge ut i media.

Media er bodskapen, sa medietenkeren McLuhan. Vi kan seie at: Utvalet er innhaldet. Det er bibeltru og konservative kyrkjer som får kritikken.

Far mot son-sjangaren

Høgdepunktet i denne nedsnakkinga av kristne og kristne familiar er sogene der far står mot son - i mediene. Ofte i same intervju - som må vere i strid med seriøs fortolking av Ver-varsom-plakaten.

Vi skjønar då til fulle sanninge i orda til mediekritikaren, Neil Postman, som vil redde den offentlige sfæren frå innfiltreringa av det private, med kjendiseri, tragediar som underhaldning og sladrekjerringar av båe kjønn.

Det private høyrer heime hos sjelesørgaren, legen og psykologen. Intimsfæren skal ikkje inn i den offentlege sfære, for då blir dei store viktige offentlege sakene borte, og demokratiet døyr.

Kor mange gonger skal Jan Aage Torp be om tilgjeving?

Vi har ikkje talet på alle dei store oppslag i landets største aviser og magasin frå såkalla «brente born», som særleg har ramma pastor Jan-Aage Torp. Han har bede om tilgjeving eit utal gonger for det han måtte ha gjort og ikkje gjort.

Men det er ingen som vil ha bøna om tilgjeving. Ikkje media, som treng kjendisstoff. Ikkje sonen, som har gjort karriere på konflikten. Sonen har i alle fall dokumentert at talegåver og skrivekunst blei vel utvikla i den heimen der han vaks opp. Noko nyttig fekk han med seg ut i verda.

Vi har lese alt vi kom over, og har knapt funne eit konkret punkt i dei alminnelege klagemåla - som fortel om belastningar utover den oppvekst som alle menneske har. Med problem og noko å vere misnøgd med for dei aller fleste. Demonhistoriene frå Afrika er ifølge media-forteljinga «the smoking gun».

Men faren seier no det som vi og trur: Det har ikkje vore mange ekte demonutdrivingar i Norge. Slik sett skulle vel far og son kunne møtast vel forlikte.

Stjernekarriere i bagasjen heimanfrå?

Men då gjer du ikkje karriere i media av stjernekarakter. I VG og Dagbladet, i Aftenposten, Vårt Land og Dagen - som alle i denne saka er takksame for skandalestoff, ser det ut til.

Vi beundrar både far og son, som definitivt er dyktige i media, stjerner kvar på sitt vis. Men den konkrete konflikten finn vi ikkje noko handfast om, sjølv når vi les med lupe.

I staden finn vi reprise på reprise av ei beklaga demonutdriving i Afrika. Det blir det store i denne demon-under-haldnings-sjangaren i norske media. Dette har fått mange likes og etterlikningar. Vi er spent på framhaldet. For dette stoffet er alt på toppen av Galdhøpiggen i overdrivingar. Då knyter det seg til det neste skrittet større spaning enn nokon gong.

Til sist blir jo heile fordømingsindustrien underhaldande, slik som Neil Postman med sylskarp intelligens analyserer det. Les boka sjølv: «Vi underheld oss til døde». Boka er på biblioteket, og den viktigaste medierkritikk som er omsett til norsk.

Kristendommens nye forhold til røvarar

Kristendommen hadde før eit greitt forhold til røvarar, verkelege og innbilte. Kristendommen sa då han var berre ein person stor, og hang på krossen, til ein røvar som bad om ein tanke frå Gud i Paradis. Og Jesus svara røvaren med desse orda: Sanneleg, i dag skal du vere med meg til Paradis.

Det fins inga slik inkluderingsvilje frå kristne leiarar i dag - ovanfor dei som får svepeslag etter svepeslag i media. Fordi det manglar mykje på at verda har forelska seg i bibeltru kristendom.

Rømningsstrategien til mange blir: Det kan aldri skje med meg.

Det gjeld ei tid. Inntil ein sit i same gapestokken sjølv. For media og litteratur har hatt ideologiske grunnar i sjølve kulturradikalismen som kom etter 1880, i å finne stadig nye kristne slaktoffer - for å halde Gud, prestar og predikantar på god avstand i Norge.

Det er på tide at redaktørane av tull og tøys og journalistane som skriv om private ting, i staden for skriv om dei viktige offentlege sakene.

Brennpunkt

I det siste, medan vi skreiv på dette eposet, kom vi sjølv i gapestokk, i det gjevaste og skrekkelegaste av alt, Brennpunkt - saman med Visjon Norge.

Kritikken av Jan Hanvold og Visjon Norge er ein klassikar i norsk mediefordøming og uthenging. Alt er gale med ein friviljug organisasjon som ikkje skriv ut skatt på sjåarar og lyttarar slik som NRK gjer.

Har du ein økonomisk konkurs bak deg, skal du karaktermyrdast som verre enn røvaren på krossen. Slik er det her i landet. I Amerika er det nåde for dei som har mislukkast med eit føretak, men ikkje her. I Norge rår Jante-lova.

Men klagemåla går vidare etter ein viss mekanikk: Bed du om pengar, så tiggar du.

Risikerer du namnet ditt for å danne dei nye selskap som er naudsynte for å gje Norge kristen-TV på Riksnettet, då har du ikkje lov å ta marknadsleige for huset du sjølv har kjøpt til kanalen, fordi det var ingen andre som ville kjøpe det. Marknadsleige som er naudsynt for å få lån i banken, blir fordømt.

Skulle ein høyre på alt slikt, så var det ingen kanal og ingen Visjon Norge, sjølvsagt. Det veit journalisten. Men likevel driv han på med konstruksjonane sine.

At ikkje ein journalist, som før har vore i Dagens Næringsliv, forstår såpass, syner at krisa går djupt. Dei utopiske sosialistisk inspirerte kritikarane av alle som prøver å få fram pengar til dei største og mest verdfulle prosjekta kristenfolket har, forstår ikkje dei instrumenta som er dei mest vanlege i verda. Dei vil ikkje forstå.

Vi såg det same i Fædrelandsvennen i Kristiansand då det mest solide prosjekt i Filadelfia-kvartalet skulle finansierast, med finansinstrument som før var brukt.

Det mest komiske i Brennpunkt er at ein angrip Jan Hanvold for at ein tidlegare bibelskuleelev ikkje klarar å betale bussen han kjøpte frå «Sinnasnekkaren». Hanvold trur jo på orda i Jesaja 55, om å gå i tru og kjøpe «utan pengar vin og dyrebare rettar».

Det stod jo ikkje noko der om ikkje å betale rekningane sine. Visjon Norge har eit av dei aller beste revisjonsfirma i landet til å sjå på rekneskapen. Det fekk ikkje Brennpunkt med. Dei skal mistenkeleggjere og latterleggjere - og berre det. Det er ikkje mykje sjølvkritikk der i garden.

Brennpunkt vassar i NRK-milliardar og får ein tiandedel programproduktivitet for pengane i høve til Visjon Norge. Dei krevjer lisenspengar frå folk flest, og baserer seg ikkje på friviljuge gåver som Visjon Norge. No går dei laus på ein seriøs konkurrent på ein skamlaus måte.

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!