Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Skal Vesten falle som Romarriket?

Skal Vesten falle slik som Romarriket - for folkevandring og migrasjonsstraumar som tar over svakare kulturar?

Tekst:

Publisert:

Slik Romerriket fall, kan Vesten falle for islamismen, sa ein stor historikar for ikkje lenge sidan.

Men Romarriket fall ikkje for islam, vil nokon seie, men for barbarane, som på mange vis stod høgare i teknologi og kunnskap enn romarane. Det er sant når det gjeld det vestromerske rike som gjekk under på 400-talet. Men det kristne austromerske riket fall for det imperialistiske og radikale islam.

Omars lov som då blei innført i den dåverande kristne verda rundt Middelhavet, var ikkje mykje forskjellig frå lovene til Tailiban, IS og andre utgåver av radikale islam. Vi har sitert heile lova i «Svar 5»-boka. Venstresida og dei politisk korrekte vil ikkje sitere historiske kjelder i dag. Men det er viktig å vere historisk orientert og drive fleirkildejournalistikk, ikkje berre bygge vidare på politisk korrekte mytar.

Radikale islam er kjenneteikna av at dei vil

1) Erobre verda ved sverd i namnet til Allah. Det er ekspansjonistisk og imperialistisk. Tidlegare stortingsrepresentant Hallgrim Berg har eit framifrå oversyn over denne historia i boka «Demokrati eller islamisme?»

2) Byggje på sharia som lovverk for samfunnet. Det betyr at ikkje-muslimske borgarar blir annanrangs. Sharia har tradisjonelt hatt dødstraff for konvertering til andre religionar. Det er difor vi no ser æresdrap i europeiske land. Den palestinske sjølvstyreautoriteten vil innføre sharia. Dei kristne må røme.

Betlehem hadde 80 prosent kristne og var ein kristen by for 30 år sidan. No er det 13 prosent kristne igjen, seier ei kjelde i bladet «Israels Røst», som er tett på situasjonen. Å skulde Israel for at dei kristne blir totalt eliminert i Betlehem, er bak mål. Dei kristne er utan rettar under det tradisjonelle islam. Dirfor har dei rømt frå Irak og mest alle islamske land, inklusiv PA-styrte område og Betlehem.

Og Benny Morrius, den mest respekterte israelske historikaren, har dette å seie om soga til islam så langt: «Sidan det sjuande og åttande århundret, då hijazi-stammar feia ut av Saudi-Arabia og erobra (det stort sett kristne) Midtausten og Nord-Afrika så langt vest som til det sørlege Frankrike, har muslimske arabarar vore dominante, ved lov og makt, i sine sosiale og politiske miljø. Det skjedde sjølv om muslimske arabarar var i mindretal i dei tidlege år av ekspansjonen. Og etter erobringa av ikkje-arabiske område, har muslimske arabarar på sikt prøvd å oppnå majoritet, gjennom tvangskonvertering, nedslakting, og eller utdriving. Frå det åttande og niande århundret har muslimske arabarar vore politisk dominante i den islamske verda. Dei har blitt vant med den posisjonen. Tanken på å dele makt, eller vere ein minoritet i eit ikkje-muslimsk samfunn, er framand for den muslimsk-arabiske mentaliteten. I den muslimske verda har det aldri vore binasjonale eller bi-relgiøse politiske strukturar. Det finst berre samfunn der muslimske arabarar er herre, og om dei er i minoritet, vil dei aspirere til å oppnå majoritet og herredømme». Frå boka til Benny Morris «Ein stat - to statar» (s. 188/89).

Det er på tide å våge å diskutere islams historie. Den imperialisme som ligg i den samfunnsmessige sharia-oppfatninga, har dominert islamske land fram til i dag.

Nøkkelord

Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!