Tips oss:
Tips
55 92 29 00
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Debattinnlegg
Etter at Hamas overtok Gazastripa har det gått 16 år utan val som Abbas har avlyst då han ville ha tapt for Hamas.
Per Vestly Klepp
Publisert: 26.01.2022 kl 11:17
I ei meiningsmåling offentleggjort 25.aug. av «The Arab World for Rasearch and Developement», som omfatta 1215 vaksne palestinarar på Vestbreidda, ville dei fleste ikkje stemt på Abbas. Valet i 2021 blei avlyst.
Meiningsmålinga viser også at etter 11-dagarskrigen i mai, var Hamas og andre væpna grupper vinnarane med 72% som vurderte deira stilling og prestasjon som «positiv», Abbas fekk berre 11%. Palestinarane lovpriser Hamas og andre terrorgrupper for å ha skote rakettar og missilar mot Israel.
Resultata av meiningsmålingane viser at mange palestinarar har blitt så radikalisert at dei ynskjer Israel fjerna frå jordas overflate. Folk vil heller lida og døy enn å ha noko samarbeid med Israel.
Dette har skjedd i tiår med «fredsprosessar» som har vore eit blodig oppvigleri mot Israel.
Hamas og andre trur at Vestbreidda står for fall. Kanskje Hamas ville bli ynskt velkomne der? Kva då med «fredsprossen»?