Klargjør siden...
Annonse
Annonse
Norge IDAG

Debattinnlegg

Kvifor vil de ikkje flytte ambassaden, Hallaråker?

Den vanlige meininga er at jødene har tatt palestinernes land. Difor har dei ikkje rett på ein hovudstad før palestinerne har fått sin stat.

Publisert:

Då gløymer ein at palestinerne allerede har ein stat. Då Israel blei oppretta blei det kalla ein katastrofe. At det går an å væra så einfoldig å tru at denne «katastrofen» nå er over. Jødene får skulda for flyktningproblemet som araberne skapte då dei ikkje godtok FNs fleirtallsvedtak om å gjenoppretta staten Israel.

Dei jødiske flyktningene frå arabiske land skal det ikkje snakkast om. Som ein hevn blei UNRWA (FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar oppretta) i 1950.

Tanken var at flyktningane ikkje skulle få leva eit fullverdig liv , men at Israel skulle tvingast til å sleppa dei inn i Israel med dei følger det ville få.

I Norge IDAG, skriv Karl Johan Hallaråker at å flytta ambassaden er eit komplisert spørsmål. For fleire land med USA i spissen, har ingenting hindra dei frå å gjera det rette. Norge har vikla seg inn i denne konflikten med den følge at dei må gjera det politisk korrekte og ikkje det som er rett. KJH og KrF bør fortelja kva som står i vegen for «så snart det er mulig» å flytta ambassaden.

San Remo-avtalen er ikkje eit tabu, men må snarast gjerast kjent. Problemet med det er at ein då blir opplyst om Israels rettigheter. Det at ein har flørta med ein terrororganisasjon i alle disse år, vil då stå fram i all si gru.

Annonse