Klargjør siden...
Annonse
Annonse
Norge IDAG
Eli Augestad Vikdal frå Bønnelista held innlegg i generaldebatten på Kirkemøtet.
 Foto: Anita A. Sæle

Eli Augestad Vikdal frå Bønnelista held innlegg i generaldebatten på Kirkemøtet. Foto: Anita A. Sæle

Eli Augestad Vikdal:

– Kjenner vi dei teikna i tida som viser seg no?

Eg vil sitere Jesus i Matt 16:2-3: «Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’, 3 og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk.’ Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.»

Publisert:

Det var Eli Augestad Vikdal frå Bønnelista som starta sitt innlegg på Kirkemøtets generaldebatt slik. Og ho la til:

– Vi ser det som skjer... høyrer om terror, jordskjelv og katastrofer på ulik vis, og det skal bli teikn i sol og måne, og det som er i universet skal rokkast....
Vi bruker også eit ord som «klimakrise», men kva seier Bibelen om desse tinga? Så fortsette ho å sitere bibelord som faktisk svarer på det som var sagt om «urolege tider».

– Er dette verdas undergang? Det står «FRYKT IKKJE» og «Løft hovudet, for utløysinga er nær.»

«Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka bli gripne av redsle og rådløyse i larmen frå hav og brotsjøar. Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrommet skal bli rokka. Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. Men når dette tek til å henda, skal de retta dykk opp og lyfta hovudet! For då skal de snart setjast fri.» (Lukas 21:25-28)

Vikdal fekk ikkje sagt alt det som ho ynskte frå talarstolen, fordi taletida var berre 2 minuttar, men fortalde Norge IDAG kva ho tenkte var viktig å seie, med bibelord om tema «urolege tider» og «teikna» vi ser i tida.

– «Frykt ikkje» er brukt i Bibelen heile 365 gonger, det betyr at det er eit «frykt ikkje» til kvar dag i året!

Det står også at himmel og jord skal forgå:


«Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit drønn, elementa skal koma i brann og løysa seg opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal ikkje finnast meir. Når alt skal gå i oppløysing på dette viset, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane løysa seg opp i eld og elementa brenna og smelta. Men etter hans lovnad ventar vi på ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.» (2. Peter 3:10-13)

«Når de høyrer om krig og det går rykte om krig, så lat dykk ikkje skremma! Dette må henda, men enno er ikkje enden komen.» (Markus 13:7)

«De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skremma! For dette må henda, men enno er ikkje enden komen.» (Matteus 24:6)

– Vi ser at det som står skrive i dei profetiske bøkene i Bibelen går i oppfylling dag for dag! Herren er nær, og han ynskjer at vi skal halda oss nær han. Jesus kjem snart og hentar sine. Og han vil gi oss framtid og håp... han har ikkje ulykkestankar for oss, sa Eli Vikdal med tyngde.

– Det står også at vi skal trøysta kvarandre med desse orda:

«For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp. Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!» (1. Tessalonikar 4:16-18)

– Lat oss i sanning bøye oss for Han som har kjøpt oss fri frå dødens mørke! Allereie no får vi merka himmelriket, ved å halda oss nær inntil Jesus, la ho til. Og meinte at vi også må ta med oss det som står i Johannes 3:14-17:

«Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp, så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå tapt, men ha evig liv. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.»

Eli understreka at for Gud er vi alle like:

– «For alle har synda og manglar Guds herlegdom. Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.» (Romarane 3:23-24)

– Gúd vere lova, avslutta Eli Augestad Vikdal.

Nøkkelord

Klikk på et nøkkelord for å vise andre relevante artikler.

Annonse