Klargjør siden...
Annonse
Annonse
Norge IDAG

Debattinnlegg

Vil du ta vare på hjartet ditt?

Alkoholinntak aukar risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom. Risikoen minskar for kvart glas du kuttar.

Publisert:

Sist oppdatert: 26.02.2022 kl 00:02

Hjarte- og karsjukdom er ei vanleg dødsårsak i alle delar av verda. Paradoksalt nok kunne dei fleste tilfelle av hjarte- og karsjukdom vore unngått. Levevanar som aukar risikoen for desse sjukdomane er usunt kosthald, tobakk, fysisk inaktivitet og eit skadeleg alkoholkonsum.

Ifølgje Folkehelseinstituttet er det i spesialisthelsetenesta i Noreg kvart år omtrent 40 000 som vert behandla for hjartekrampe og hjarteinfarkt, ca 16 000 for hjartesvikt og omtrent 11 000 vert behandla for hjerneslag. Om lag 1,1 million nordmenn brukar legemiddel for å førebyggje eller behandle hjarte- og karsjukdom, og omtrent ein femdel av heile befolkninga lever med etablert hjarte- og karsjukdom, eller har høg risiko for slik sjukdom. På heimesida til organisasjonen av-og-til 18.10.2021 vart artikkelen «Hvordan påvirkes hjertet av alkoholen?» publisert, der ein kan lese meir om dette med kreft og alkohol. Denne artikkelen er skriven av av-og-til i samarbeid med Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL).

Høgt blodtrykk

Høgt blodtrykk er av dei vanlegaste risikofaktorane for hjarte- og karsjukdom. Personar med høgt blodtrykk har omtrent dobbelt så høg risiko for å døy av hjarteinfarkt eller hjerneslag, enn personar med normalt blodtrykk. Og alkohol spelar ei rolle. Alkoholinntak aukar blodtrykket på kort sikt, også mellom personar med normalt blodtrykk. Nyare forsking viser at sjølv små daglege mengder av alkohol (1-2 glas per dag) aukar risikoen for høgt blodtrykk, spesielt for menn. Med andre ord: Du reduserer risikoen for hjarte- og karsjukdom for kvart glas du droppar. Årsakene til høgt blodtrykk er overvekt, inaktivitet, salt, røyking og alkohol.

Åreforkalking og hjarteinfarkt

Når ei åre til hjarta går tett, oppstår eit hjarteinfarkt, og hjartemuskelceller døyr på grunn av oksygenmangel. Åreforkalking kan starte allereie i tenåra. Ein livsstil med høgt kolesterol, røyking, høgt blodtrykk, og alkohol påskundar prosessen.

Bra for hjartet?

Du har kanskje lese at eit glas raudvin om dagen er bra for hjartet? Påstanden er tvilsam. Forsking syner at det er ingen helsegevinst knytt til å drikke alkohol. Om du vel å drikke eit glas vin eller to til middagen eller ikkje, så er det typiske norske drikkemønstret med å samle opp alle glasa til laurdagen ikkje å tilrå. Studiar som har synt gunstig effekt av ein liten mengde alkohol, har og synt at den gunstige effekten forsvinn dersom ein innimellom drikk mange glas ved eitt og same høve.

Same korleis ein vrir og vender på det, så forsvinn den potensielle helseeffekten dersom ein innimellom drikk meir enn berre litt. Derimot veit vi at alkohol er årsaka til om lag 800 000 årlege hjarte-kar-dødsfall i verda og dessutan mange tapte leveår med god helse.

Fakta om hjarte- og karsjukdom

  • I Norge lever i dag meir enn 400 000 personar med hjarte- og karsjukdom.
  • Om lag 1 av 3 dødsfalla i Noreg er på grunn av hjarte- og karsjukdom.

Hjarteinfarkt er den største enkeltvise dødsårsaka av alle medisinske diagnosar.

  • Dei fleste dødsfall av hjarte-og karsjukdom kjem av hjarteinfarkt og hjerneslag,
  • Dei fleste risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom, som høgt blodtrykk og høgt kolesteol, gjev ingen symptom og må målast for å bli oppdaga. Hjerte-og karsjukdom kan derfor vere ein «snikande fare» som ikkje vert oppdaga før ein har fått eit hjerteinfarkt eller hjerneslag.
  • Forsking syner at det er assosiasjon mellom både moderat og omfattande alkoholbruk og auka nivå av farleg kolesterol.

Kva om du allereie har ein hjarte- og karsjukdom?

Eit høgt alkoholinntak aukar altså risikoen for å utvikle hjerte- og karsjukdom, men alkohol påverkar og dei som allereie har sjukdomen. Dei fleste pasientar med hjarte- og karsjukdom tar ein eller fleire medisinar, og dei bør vere merksam på at ein kombinasjon av medisin og alkohol kan vere uheldig.

Dei siste 50 åra har talet på nye tilfelle og dødsfall som følgje av hjarte- og karsjukdom gått ned. I tillegg til nye medisinar er ein viktig grunn ein sunnare levemåte hos folk flest. Vi et sunnare mat og røykjer mindre enn før. Sunt kosthold og regelmessig fysisk aktivitet er viktig for å redusere talet på tilfelle av hjarte- og karsjukdomar. Hadde alle faktorar som aukar risikoen vore unngått, kunne hjarte- og karsjukdom faktisk gått ned med så mykje som 80 til 90 prosent.

Annonse